Vanylven Golfklubb vart etablert i 1998 og har utarbeida ei flott 9-hols golfbane ved Eidsåvoll, med panoramautsikt ut Syvdsfjorden. Med par 68 og vel 3900 meter frå gul tee, byr bana på fleire utfordringar for alle. Gjestespelarar er velkomne til å spele på bana, greenfee er kr 150. For spelarar under 19 år, kr 50.
Vanylven Golfklubb har eige klubbhus og drivingrange som er ope kvar dag i sommarhalvåret og har utleige av golfutstyr.
Fast turnering kvar onsdag frå april til september.
Â

Har du lyst til å starte opp med golf? Eller har du tidlegare vore aktiv, og vil bjynde på igjen? Vi startar opp med Vegen Til Golf-kurs fredag 8. juni kl 18:00. Kurset er gratis, og inkluderar eit prøvemedlemsskap med gratis spel på Vanylven Golfpark første året. Ta med ein kompis, din bedre halvdel eller borna dine og ta turen. Kurset skal gå over totalt 12 timar, og 75 % er praktisk spel på bana. Kursdeltakarane får ein "fadder" som blir ansvarleg for opplæring/oppfølging.
Ta sjansen og kom! Vi oppmodar tidlegare aktive å pusse støv/rust av køllene sine og møte opp.
Ta gjerne kontakt for meir info.
|
Vanylven GK søkjer etter personar som kan tenkje seg sommarjobb med å klippe golfbana. Søkjaren må kunne jobbe sjølvstendig, og betjene klippeutstyret. Opplæring vil sjølvsagt bli gitt. Søkjaren må også kunne vere fleksibel når det gjeld arbeidstid, då klipping er veravhengig. Løn etter avtale. Ta kontakt for meir informasjon om jobben. Kontaktpersonar:
Det nærmar seg Vanylven Open, som i år går på forsommaren. Søndag 3. juni kl 11:00 brakar det laust. Om det blir stor pågong med påmelding, må vi dele feltet, og kjøyre to startider. Då blir det tidligstart kl 09:00 og seinstart kl 14:00. Ver snill å anngi ønske ved påmelding. Turneringa inngår i NordVest Tour Klikk her for påmelding i GolfBox
NordVest Tour er eit samarbeid mellom alle klubbane frå Sunnfjord GK i sør til Sunnmøre GK i nord. Totalt 8 turneringar skal vi igjennom, og plasseringane i turneringane blir poeng-givne og samla i eigne Order of Merit for kvar klasse. Det er totalt 6 klasser - Herrer, Damer og Junior bruttoslag, og tilsvarande klasser i stableford. Selje Golfklubb har satt oppatt Selje Open mandag 28. mai (2. pinsedag) kl 11:00. Turneringa var opprinnelig satt opp 6. mai, men veret ville ikkje samarbeide, og turneringa måtte utsetjast. Turneringa inngår i NordVest Tour. Klikk her for påmelding i GolfBox NordVest Tour er eit samarbeid mellom alle klubbane frå Sunnfjord GK i sør til Sunnmøre GK i nord. Totalt 8 turneringar skal vi igjennom, og plasseringane i turneringane blir poeng-givne og samla i eigne Order of Merit for kvar klasse. Det er totalt 6 klasser - Herrer, Damer og Junior bruttoslag, og tilsvarande klasser i stableford. Kaldt og til dels surt ver sette sitt preg på denne runda av Onsdagsgolfen. Det blei ikkje dei store poengsummane. Inge Norvik og Tor Inge Nygård blei best denne gongen med 14 poeng. I Eclectic-konkurransen tok Alexander Brekke leiinga, då han forbetra scoren sin til 35 slag. Volda står som arrangør av NordVest Touren, søndag 20. mai. Sidan Selje måtte avlyse, blir dette første turneringa i år. Klikk her for påmelding i GolfBox  NordVest Tour er eit samarbeid mellom alle klubbane frå Sunnfjord GK i sør til Sunnmøre GK i nord. Totalt 8 turneringar skal vi igjennom, og plasseringane i turneringane blir poeng-givne og samla i eigne Order of Merit for kvar klasse. Det er totalt 6 klasser - Herrer, Damer og Junior bruttoslag, og tilsvarande klasser i stableford. Det var den stabile Selje golfaren Reinhart Halsør som vann denne runda av Onsdagsgolfen. Han oppnådde 19 poeng, og var "eit hav" føre dei neste. Alexander Brekke, VIdar Knotten og Bjørn Hoel kom på dei neste plassane, alle med 15 poeng. I poengsamandraget tok då Reinhart over leiinga, med Alexander Brekke og Anne MArie Dahl på 2. og 3. plass. Alexander Brekke noterte ein birdie på hol nr. 8, og rykte opp på andre plass i Eclectic-konkurransen. |













